Det er ikkje greitt. Verken før eller no. Og i alle fall ikkje når det lir på.
Morten Øen si nye bok Norge om våren er det vi kan kalle ein
feel-bad-roman. Du kan få ein god lesefølelse for det.
Ei gutebok for vaksne av båe kjønn som liker å lesa om ei trist og dramatisk
nær framtid, geografisk ikkje alt for langt unna, i dette tilfellet i ville Telemark.

Ja der går det for seg. Straumen har vore borte over eit år. Hovudpersonen Frank
har mista eine handa. Men han kan lade batteri og har forstand på koplingar og
har lese seg opp på undergangsbøker. Her er slikt mang ein mann treng når
undergangen trugar: Mjuke kvinnelår, bøker og revolver, øks og kniv.
Hermetiske bønner og suppeposar, eple og potet. Kjøtmat av mangt slag.
For kvar blir det av folk og dyr?

NAV og KONGEN prøver etter duglaus evne å overta styringa av det sivile samfunnet.
Men kven er vel sivilisert?

Anbefalt av Olav

Translate »