Torsdag 11. januar 2018  var det offisiell opning av meråpent bibliotek på biblioteket på Sokna.
Det var ein fin gjeng som møtte opp kl 16 på biblioteket då bibliotekaren Sigrid Nordgulen klypte av snora for opninga. Biblioteksjefen Marianne T. Bakken var òg til stedes og snakka litt om kva tilbodet meråpent bibliotek er. Der vart servert god kake og kaffi til dei som var på opninga, og dei som kom utover ettermiddagen.

Kva er meråpent?
Meråpent bibliotek er eit tilbod som gjer at ein kan få tilgang på biblioteket utanom dei faste opningstidene frå 09 – 21 alle dagar utanom juli månad.
For å få tilgang må ein gå til biblioteket i betjent tid (tysdag 10-14 og torsdag 16-19), og få brosjyre og skrive avtale med bibliotekaren, då får ein kort opplæring i selvbetjent bibliotek. Med selvbetjent bibliotek vil ein då mellom anna få opplæring i bruken av utlånsautomaten, som gjer at ein kan låne og levere bøker, sjekke kor mange bøker ein har lånt på lånekortet og hente reserverte bøker. I tillegg kan ein bruke internettet på mobil og pc, og lese i tidsskrifter.

Tilbodet er tilgjengelig for alle over 15 år, men er ein mellom 15 – 18 år, må ein ha underskrift frå føresette.

Lag og foreiningar kan ta kontakt med bibliotekaren om dei ønsker å bruke biblioteklokalet til møter eller samlinger.

NB: Meråpent bibliotek har på hovedbiblioteket i Hønefoss sidan 22.2.2017, men det er to forskjellige meråpentavtaler på hovedbiblioteket og avdeling Sokna. So om ein har avtale på det eine biblioteket, betyr ikkje det at ein har meråpent på det andre bibliotek.

Velkommen inn til meråpent på Sokna, frå bibliotekaren Sigrid.

Translate »