Vi blir aldri ferdig med vikingane, i alle fall ikkje vi som bur i det gamle vikingriket Ringerike.
No har det kome endå ei ny vikingbok. Denne boka er på mange måtar ei motbok, ei bok der forfattaren prøver å styre unna dei mest seigliva klisjeane om vikingane – at dei var griske og krigerske røvarbandar og herja ute fordi det var overbefolkning i Norden. Rett nok var dei rå, men kanskje ikkje like ille som andre.

Vikingtidens utbrudd heiter boka av historieprofessor Torgrim Titlestad. Forlaget Sagabok i Stavanger har gitt ut mykje litteratur før frå denne tida.

Når vart vikingane vikingar? Og visste vikingane at dei var vikingar? spør Torgrim Titlestad. Svaret han gir på det siste spørsmålet, er nei. Svaret på det første, er meir samansett.

På 1800-talet hadde vi ei nasjonal bølgje i Norden. Det ga seg uttrykk i målarkunst, musikk, litteratur – og i historieskrivinga. Snorres kongesoger vart oversatt til norsk, og fekk kjempeopplag. Det var då nemninga vikingar dukka opp og vart tatt i bruk. Og etter den tid har vikingane vore her.

Vikingtida er brukt om tida frå 793 til 1066, svært nøyaktige årstal til å vera ei så uoversiktleg tid. Men knaggar og årstal er viktig å ha. Det var 8. juni 793 at nordiske vikingar gjekk til angrep på eit kloster på øya Lindisfarne i England. Og det var i 1066 av ringerikingen og verdensmannen Harald Hardråde fall ved Stamford Bridge og dermed tapte kampen om England.

Lindisfarne var eit av dei viktigaste heilag-stadene i England. Overfallet var brutalt, ingen tvil om det. Folk vart kledd nakne og jaga vekk, ungdommar vart fanga og selde som slavar, klosteret var røva og brent.

Kvifor? Impulsivt hærverk av nordiske råskinn?

Torgrim Titlestad ser overfallet som eit mottrekk til frankarkongen Karl den store som på 700-talet la under seg meir og meir av Europa. Karl den store rådde over eit rike som gjekk heilt nord til Danmark og Østersjøen, sør til Spania og Italia, vest til Den engelske kanalen og aust til Ungarn. Det var null sjølvstyre i Karl den stores store rike. Folk i nord ville unngå å havne der. Det store anlegget Dannevirike lengst sør i Danmark var ein solid forsvarsmur mot Karls troppar.

Med angrepet mot Lindisfarne ville nordiske allierte styrkar vise korleis dei kunne angripe og forsvare seg. Og akkurat Lindisfarne var ikkje tilfeldig. Det var kanskje der det svei mest for kyrkja og kongen.

Dei nordiske styrkane, heretter kalla vikingar, kunne ikkje stå seg mot den store landhæren til Karl. Men vikingane hadde skip, vikingskip. Dei hadde utvikla desse små skipa frå handelsskip til krigsskip. Skipa kunne fort segle oppover elvar og innover i landet, koma overraskande på og stikke fort avstad.

Var dei nordiske folka primitive? Titlestad bruker som eksempel på det motsette, at dei hadde eit avansert og førdemokratisk ting-system, ein forløpar for dagens norske rettssystem, der til og med namna er bevart: Eidsivating, Gulating og Frostating. Liknande system fanst i Sahcsen, som også kjempa mot Karl den stores einevelde.

Boka er lett å lesa og har ein layout og eit format som kan minne om ei fagbok for barn. Men ho er for vaksne. Titlestad argumenterer ivrig for det han skriv og meiner. Men det kan jo vera greitt, det også, for den som ønsker fleire tankar om vikingtida.

Olav Norheim

Translate »