Dødens uteblivelse
av Jose Saramago

Ei merkelig bok om samfunnets forhold til døden. 

Det byrjar med eit land der det ved nyåret plutseleg ikkje lenger dør nokon. Ingen dødsfall som resultat av alvorlige bilulykker, sjølvmord, alderdom eller anna som ville ha ført til livets ende. Fleire dager og veker går utan at nokon dør. Korleis reagerer regjeringa, kirka og vanlege folk på dette?

Saramago skildrar godt ein veldig hypotetisk situasjon. Igjennom boka skjer det fleire utviklinger i den nye situasjonen, mellom anna kva som skjer når nokon oppdager at ein kan dø om ein kryssar grensa til nabolandet.

Boka har fokus på sjølve handlinga i forteljinga, og hendingar der personar følgjer som ein konsekvens, so det er ingen fast hovedperson. 

Saramago har ein litt utfordrande skrivemåte, so boka passar den erfarne lesar, men når det er sagt so er det god flyt i boka. Han skriver ikkje langdrygt eller kjedelig.

Utdrag frå boka: Dagen etter døde ingen. Denne omstendighet, så stikk i strid med livets normer, fylte menneskenes sinn med den største uro, noe som må sies å være høyst berettiget med tanke på at det ikke finnes eksempler på et slikt fenomen i den førtibinds verdenshistorien, ikke ett eneste tilfelle man kunne vise til, da det skulle ha gått en hel dag, med alle dens storslagne fireogtyve timer, dagtid så vel som nattetid, morgentid så vel som kveldstid, uten at det forekom et dødsfall grunnet sykdom, en dødsulykke, et fullført selvmord, absolutt ingenting, kort sagt intet.” (side 11.)

Jose Saramago (1922 – 2010) var ein portugisisk forfatter som ga ut si første bok i 1947, men fekk gjennomslag i 1976 med “Klosterkrønike”, som han fekk nobels litteraturpris for i 1998.

Anbefalt av Sigrid

Translate »