Det er mykje å undrast over i fjellheimen. Kvifor er hyttene så mange? Og så store? Er det fordi hyttefolk er store på det? Når vart fjellet oppdaga? Kven var den fyrste hytteturisten? Kvifor bygger grunneigarar midt i myra? Kva gjer du når du møter hytteveggen? Treng hyttefolk ha stemmerett for å bli høgstemte? Kva har countrysongaren Bobby Bare med Aurdalsåsen å gjera? Kor mykje kan ein berekraftig bera med seg? Og er det nokon som har sett den uberørte naturen?

Deltids hyttemann og forfattar Olav Norheim har prøvd å finne ut av dette ved å ta nokre kortreiste hytteturar i Valdres.
Resultatet finn du i “Den mellomstore HYTTEBOKA”.

Norheim kjem til Ringerike bibliotek onsdag 6. november kl. 12 for å fortelja meir om boka si. Gratis inngang. Boksal med signering. Foredraget varer ca ein halv time. Vi held kaffi eller te. Ta gjerne med deg matpakke.

Translate »