Legen som visste for mye
av Christer Mjåset

I boka møter vi doktoren Mads Helmer som nylig har flytta til Hitra. Han kom hit etter at ein pasient døydde frå han i den førre jobben, under ein operasjon som han hadde ansvaret for.

På Hitra er det mange sterke karakterar, som førar til nye utfordringar for doktoren. Mellom anna pasientar som er vant til å få det slik dei alltid har fått, og ein lensmann og ambulansesjåføren Helmer hamnar han skeivt ut med. Når Gammeldoktoren dør i ei bilulykke, blir Helmer den einaste doktoren igjen på øya. På toppen av dette har han epilepsi, noko han prøver å halde hemmelig, og som gjer at han bør vera forsiktig med å utsetje seg for store påkjenningar.

Jo meir han blir kjent med pasientar og rutiner som Gammeldoktoren har hatt før, jo meir sikker er han på at det er noko på ferde på øya der gammeldoktoren jobba i trettifem år.
Kva var det den eldre doktoren skjulte, og er det so sikkert at det var ei ulykke som forårsaka dødsfallet? Og er det berre gammeldoktoren som har hemmeligheter?

Boka skildrar eit veldig typisk norsk lokalmiljø som ein kan kjenne seg igjen i, samt ei oppbygging av spenningsmomenter gjennom heile boka.
Boka har god flyt, som gjer at ein nesten ikkje merkar at tida flyr forbi. Måten Mjåset skriver denne boka er likt følelsen av å sjå ein god spenningsserie.

Christer Mjåset er norsk lege og forfattar, og har skrive både noveller og romanar. Vi har tre andre bøker av denne forfatteren på biblioteket.

Anbefalt av Sigrid

Translate »