Merkelig vær i Tokyo
av Hiromi Kawakami
Forlaget Press, 2016

Dei møttes på ein bar ho og han. Ho er ei snart 38 år gammel kvinne, Han er tretti år eldre og hennes tidligare lærar. Dei er begge einslige.  Etter det første møtet møtes dei igjen, både ofte og sjelden.

Lesaren følgjer kvinna, Tsukiko sine opplevelser med den pensjonerte læraren, som ho berre kallar Sensei. Kapittela gjev episodiske innblikk i korleis dei blir kjent og bygger eit fellesskap, enten det er med sakedrikkinga og maten dei et på barar, eller om forskjellige utflukter dei har. Samtidig blir du kjent med Tsukiko når ho går gjennom kverdagen sin, og reflekterer litt på dei samtalane ho har hatt med Sensei.

Boka er på 196 sider og er lettlest. Det er mykje dialoger mellom karakterane, men ein får óg beskrivelsar av japansk mat, snakking om litteratur og livet, og ei sakte oppbygging av vennskap mellom to litt merkelige sjeler, som tilfeldigvis fant kvarandre. Om du likar karakter- og miljøskildringar frå andre kulturar kan dette vere ei bok for deg.

Hiromi Kawakami er ein av japans fremste nolevande forfattarar. Ho har vunne mange prisar i Japan for novelle- og romansamlingane sine. Merkelig vær i Tokyo er den første boka av henne som kom ut på norsk. Vi har ei bok til av same forfattar her på biblioteket: Herr Nakanos forretning for avlagte gjenstander.

Anbefalt av Sigrid

Translate »