To mistenkelige personer
av Gunnar Larsen.
Første gang utgitt i 1933

22. august 1926 blei to lensmenn drept på Vågård. Den eine døde raskt, medan den andre levde lenge nok til å seie at det var to gjerningsmenn. Det blei satt opp ein mannejakt på å finne dei to mistenkte.

Romanen tek for seg flukten til Gutten og Mannen, og skildrar korleis dei brukte nettene til å snike seg unna, og la planar om kva dei skulle finne på vidare. Det er mykje nerver og fortvilelse mellom dei to, og ein kjenner at presset mellom dei aukar betydelig når dei leser i aviser om drapa… og dei to mistenkelige personane.

Larsen var journalist for Dagbladet når drapa skjedde, og fulgte godt med på etterforsking og rettssak.
Språket ber preg av å vere ifra 1930-tallet; det er ikkje likt bokmål av i dag.

Ei bok for alle nysgjerrige, og særleg for dei som likar lokalhistorie og krim.

Anbefalt av Sigrid

Translate »