Fiskehuset
av Stein Torleif Bjella

Jon (47 år, lærar og musikant) er på fisketur med onkel Ivar. Ved vatnet Storsenn ligg ei fiskebu som Ivar eig, denne skal Jon få arve saman med fiskerett i vatnet, men då må han kursast fyrst. Ei veke på hausten held dei til i den vesle bua, Ivar fortel og Jon noterer i skriveboka. Og kvar dag er det ut for å setja garn og ta inn fangst. Jon ror og gjer alt anna som Ivar kommanderar han til. Ivar si tone er krass og uvenleg, men Jon bit det meste i seg, for onkelen er jo gamal og småskral.

Dette var ei fin leseoppleving. Undervegs er eg spent på om Jon og Ivar skal ryke i tottane på kvarandre, og sjølv om Ivar er ein krass og sjølvgod fyr, så har han mykje klokt å fare med. Til dømes side 53, der han seier til Jon som ror:
«Ska du ro beint dit du har meint deg, må du sikte bakover. For å koma dit du ska, må du veta kor du kjem frå

Anbefalt av Randi